I mange hundre år var Bibelen berre tilgjengeleg på latin. Det var greit nok for teologar og andre lærde, men eg har vanskar med å skjøne at folk flest forstod så mykje av det som vart opplese. Vi kan takke Martin Luther for arbeidet han gjorde med å omsetje Bibelen til tysk, for han meinte at folk flest måtte forstå kva som stod i Bibelen. Det nye testamente var ferdig i 1522, det vil seie så vidt over 500 år sidan, medan heile Bibelen ikkje var ferdig før i 1534.
Men kva om arbeidet hadde stoppa opp der, og vi difor framleis måtta lese Bibelen på tysk eller kanskje engelsk? Vi tar det i dag for gitt at vi har Bibelen på norsk, men det gjekk over 350 år frå Bibelen var omsett til tysk til vi også fekk den på norsk.
Morsmål = Hjertespråk
Det er framleis mange språkgrupper som ikkje har bibelen på sitt eige språk. Ja, dei fleste av desse språka manglar ikkje berre Bibelen, men dei manglar absolutt alt av skriftleg materiale. Språket deira er berre muntleg, og ingen har nokon gong teke arbeidet med å lage eit skriftspråk med ordlister og grammatikk. Men finst det ikkje eit eller anna språk som dei forstår då, som dei kan lese Bibelen på? Jau, dersom dei kan å lese, så må dei ha lært det på eit anna språk, og slik sett kan det vere at dei også kan ha kome over ein Bibel som dei kan ha lese i.
Sjølv om eg hadde tysk både på realskulen og gymnaset, så er det likevel mykje i den tyske Bibelen som eg ikkje forstår, og uansett, så er det ikkje noko som kan treffe oss og tale til hjertet vårt som vårt eige morsmål.
Felles prosjekt I 2016 vart Evangelisk Orientmisjon og Bibelmisjonen Sporos einige om å gå saman om å samle inn pengar til trykking av nytestamente og Biblar på minoritetsspråk. Vi hadde kontakt med fleire organisasjonar som dreiv med Bibelomsetjing, noko vi ikkje hadde kompetanse på, men vi ynskte å finansiere trykkinga av nye omsetjingar på misjonstrykkeriet på Sri Lanka. I 2017 vart dei to fyrste språka trykte og overleverte. Året etterpå var det 5 nye språk som vart overleverte. Deretter har det berre auka og auka for kvart år.
Når vi ser på antal minoritetsspråk som vi har fått vere med å finansiere trykkinga av, så har vi på berre 6 år fått vere med å skaffe omkring 60 folkegrupper eit nytestamente på sitt eige morsmål. Før 2023 er omme, så ser det ut som vi skal ha runda 100 ulike språk.
Når det gjeld å nå dei unådde, så er det ikkje noko som kan liknast med det å kunne gi Guds ord til ei folkegruppe som tidlegare aldri har hatt det. Dersom dette er noko som du har tru for, så kan også du få vere med ved å gi ei gåve til Bibelmisjonen Sporos og merke gåva med Minoritetsspråk.
Comentarios